Kunstneren
”Var blodet aldri så tynt, en føler seg alltid i slekt med Peer Gynt.” 


Foto: Fotograf Lyshol 
Dette er kanskje en av grunnene til at jeg kunnet arbeide og illustrere scener fra dette merkelige dramaet i snart 13 år. Hver dag har vært en ny glede. Dette arbeide har gitt med mye, både kunstnerisk og menneskelig. Peer Gynt har et ord til oss alle, uansett stand og stilling. 

Treskjæraren og kunstnaren Oddvin Parr var født i Hellesylt og Sunnylven i 1933. Hovedverket hans er 11 trerelieff frå Peer Gynt som er stilt ut på Peer Gynt Galleriet i Hellesylt. Oddvin Parr var berre 17 år då han starta si utdanning som treskjærar. Etter yrkesskule i Molde og eit år i privat treskjærarlære i Nord-Trøndelag, venta militærteneste i Hønefoss. Der var Oddvin Parr modellsnekkar på eigen verkstad. Han laga modellar av bilar, tanks, miner, granatar og andre ting av tre til bruk i instruksjon. 

Oddvin Parr fekk tilbod om å halde fram i ingeniørvåpenet, men måtte takke nei, for heime venta foreldra på hjelp med gardsdrifta. Etter læretida i Lånke sør for Stjørdal, fekk han si eiga snekkarbod i stovehuset heime på Parr. Handlaget var upåklageleg. Han fekk i bokstaveleg forstand sving på både blyanten, gaifusen og dei andre treskjærarjarna. Ornament forma seg i treemna, og resultata dei fyrste åra vart peispustarar, peislampar og rokokkobord. Snart vart det også bilder i tre, og det aller fyrste motivet var av gardstunet heime. Seinare i sitt kunstnarliv smilte han litt av dette arbeidet, det mangla både perspektiv og djupne, meinte han.

Etter kvart vart det større oppdrag for den dugande treskjæraren. Det vart fleire oppdrag med utsmykking i kyrkjer både i Sunnylven, Austevoll, Nesset og ikkje minst i Borgund kyrkje i Ålesund. I tillegg fekk han også mange både små og store oppdrag for privatpersonar. Han vart ein ivrig lesar av Henrik Ibsen sitt store drama Peer Gynt, og snart starta han på det som skulle bli hans store livsverk. Tolkinga av levemannen Peer Gynt, skore ut som trerelieff, skulle ta 13 år av hans arbeidsliv. Det skulle bli 11 store bilete, av mange sett på som kunst i verdsklasse. Alle er utstilte i kunst- og kultursenteret Peer Gynt Galleriet i Hellesylt som opna i 2002. 

Oddvin Parr var også svært engasjert i teaterarbeid i Hellesylt Ungdomslag, og vart for sitt virke der utnemd som æresmedlem i laget. Ein av dei store visjonane til Parr var å få etablert ei utescene på Høgreiten ovanfor Hellesylt sentrum. Det naturskapte amfiet og den unike utsikta ville høve godt for framføring av scener frå dramaet Peer Gynt, meinte han. Og ikkje minst, her stod kan hende Henrik Ibsen og samla inntykk til sitt drama på si reise til Hellesylt og Sunnmøre i 1862. Oddvin Parr fekk ikkje oppfylt denne visjonen, for han døde brått like før jul i 2010.